[monarch_share]
Bømlo Teater held fram tradisjonen med juleframsyning for heile familien. 1.-4. desember vil «Jul i Svingen» gå i Bømlo kulturhus. Her får me møte Linus og venane hans i Svingen, foreldra deira og gjengen frå Sletta. Alle desse som me har blitt kjend med gjennom NRK sin julekalender.
20 skodespelarar frå Bømlo Teater står på scena i denne varme og morosame framsyninga som er bygd på Kjetil Indregard sitt manus og med Odd Nordstoga sin fantastiske musikk.
Regissør er Nina Sele.
Ta med heile familien og kom i god julestemning!