[monarch_share]
Bømlo Teater inviterer til Mostraspelet «I slik ei natt» i Moster Amfi, 2.- 4. juni kl 18.00. Framsyninga gjekk sist i 2019.
«I slik ei natt» er skrive av Svein Tindberg og med musikk komponert av Kjetil Bjerkestrand. Me får følgje vikingkongen og legenda Olav Haraldsson, både før, medan og etter han presenterte Kristenretten på Mostratinget i 1024.
Tindberg har knytt saman hendingar på Moster med Olav si reise ute i verda. Han har funne ein moderne veg inn i eit slags mysteriespel og ein Olav som faktisk endrar seg frå ein nådelaus viking og drapsmann, til legenda seinare kjent som Heilag Olav.
Om lag 80 skodespelarar vil stå på scena i denne storslåtte framsyninga.
Billettsal frå 2. februar.