Prosjektleiar Kristin Teigen Stasviken skal få fleire til gjerne som Teater HotPot i Vågå – ta inkludering og likestilling enda meir på alvor. (HotPot-foto: Lars Erik Kolden)

Studieforbundet kultur og tradisjon er Norsk Amatørteaterforbund sin samarbeidspartner når det gjeld vakensopplæring. No tek dei et krafttak for inkludering og openheit, og tilsett sin eigen «inkluderingsminister».

120 KURS I HELE NOREG
Studieforbundet kallar prosjektet «Åpent for alle», og er ei vidareføring og utvikling av arbeidet og prosjektet «På norsk». «Åpent for alle» skal i løpet av tre år sørge for 120 kurs over heile Noreg. Studieforbundet ønsker med å bidra med mellom anna relevant språktrening, kulturforståing, eit fellesskap å vera del av og tilbod om eit nettverk å høyre til.

Dei har tilsett Kristin Teigen Stasviken i ein prosjektstilling. Kristin kjem frå læraryrket og har teke fatt på ei innhaldsrik rundreise i Studieforbundet sine medlemsorganisasjonar og lokallag for å gjera seg kjend, og bli kjend. Ho er sjølv svært spent på mottakinga i organisasjonane: -Eg håpar å møte engasjement for at mangfald er spennande, og at vi felles har eit ansvar for at alle skal få høyre til. Jobben blir å få fleire på banen, syne fram alt det gode arbeidet som er gjort og resultata som er oppnådd, for så å overtyde andre om kor viktig dette er. Eg ser fram til å treffe fleire som har erfaringar frå feltet dei vil dele, gjerne både på godt og vondt, eller folk som ønskjer tips og råd om korleis dei kan jobbe for å auke det inkluderande arbeidet sitt, seier Kristin.

INKLUDERING I AMATØRTEATER-ARBEID
Tiltaket vil vera ei vidareføring og utvikling av eit treårig prosjektarbeid «På norsk» som Studieforbundet har utvikla med støtte frå IMDI. Studieforbundet er godt i gang med gode «På norsk»-kurs innanfor ulike fag og tema, og har nådd breitt ut i samarbeid med fleire av medlemsorganisasjonane. Inkludering tek tid, og dei lokale arrangørane treng framleis bistand, motivasjon, opplegg og ikkje minst pengar.

Eit godt eksempel på god inkludering og norsklæring innanfor teater er Teater HotPot i Vågå Ungdomslag. Dei har hatt fleire manuskurs, kalla Manus på norsk, der gruppa har jobba deviced, starta med improvisasjon på golvet, sjølve skrivi dette ned med hjelp av kvarandre, og øvd inn dette til ferdig teater. Her har gruppa laga alt, ut frå kva som har dukka opp i samtalar og øvingar på golvet, artige små fjasescener til rørande og dramatiske forteljingar om flukt og krig. Denne måten å jobbe med språklæring på er ein flott måte å bruke kroppen og kreativitet for å utvikle språket, og all øving, terping, lykke og meistring som følgjer med å sette opp og vise fram noko som kjem frå hjartet, har vore ein skikkeleg boost for både inkludering, sjølvkjensle og språklæring.

INKLUDERING OG OPENHEIT SKAL VERE NATURLEG
– Vi har ambisjonar om å gradvis auke delen inkluderingskurs frå 30 kurs fyrste året, så 40, og til 50 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Desse skal vera lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vera hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre, seier nytilsett prosjektleiar Kristin Teigen Stasviken. – Målet er ein stabil og varig inkluderings- og læringsarena med plass til alle, der alle stiller som kursdeltakarar på lik line, med felles mål om å lære, danne nettverk og inkludere, ikkje «berre» integrere, seier ho.

Les meir her: Vi har fått vår eigen «inkluderingsminister» (kulturogtradisjon.no)