Svein Tindberg står til våren på scena som Ibsens Brand på Det norske teateret. Men samstundes er han kontraktert for å skrive nytt manus til Mostraspelet i 2016,
Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen arbeider saman igjen på Det norske teateret – til våren kjem Ibsens Brand. Så langt har samarbeidet mellom Tindberg og Bang-Hansen resultert i m.a. Evangeliet etter Markus, Apostlenes gjerninger og Abrahams barn, framsyningar som har skapt reine folkevandringar til teatersalane. Men samstundes står Svein Tindberg sentralt i arbeidet med å fornye Mostraspelet.
Svein bror Ivar skal ha regien, og far deira, Snorre, teikna Amfiet på Mostra der spelet blir sett opp. Slik har tre blad Tindberg bidrege til at den nasjonale mostrahistoria når sitt publikum.
Det nye manuset skal fokusere på Kristenretten og Olav Haraldsson, og ikkje nødvendigvis «henge saman med» Johannes Hegglands manus som hadde 30-årsjubileum i 2013. Bømlo Teater vil på denne måten kvalifisere seg til ei markering av eit 1000-årsjubileum for Kristenretten på Moster i 2014, og tek vare på arven frå Bømloteateret om å halde historia i hevd.
Sjølv om Bømlo Teater med dette får eit nytt manus, betyr ikkje det at Hegglands manus ikkje skal bli sett opp lenger. I 2015 blir det gjensyn med Hegglands manus, og etter 2016 er Bømlo teater i den heldige situasjon at me kan alternere på dei to manusa. Det trur dei vil styrke merksemda om og posisjonen til Mostraspelet i overskodeleg framtid.