Bømlo Teater satsar høgt igjen, og set opp West Side Story i Moster Amfi med premiere 6. august.
Musikalen er Arthur Laurents, Stephen Sondheim og Leonard Bernstein sin versjon av Shakespeares Romeo & Julie. Musikalen blir spela i tida 6. – 17. august.
Regi og koreografi ved Lisa Kent. Rollene som Maria og Tony blir spela av Nina Hammarklev (bilete) og Ole Morten Velde. Nina er sopran og dansar frå Sverige med familie på Vestlandet. Ho har hatt hovudroller i musikalar som My Fair Lady, Peer Gynt, West Side Story (Gøteborgsoperaen), Les Miserables (Oslo Nye Teater) og Mamma Mia! (Cirkus Stockholm). Ole Morten Velde er frå Karmøy, og har studert ved Grieg Akademiet i Bergen, det danske Musikk-konservatorium samt tre år ved det Kongelige Operaakademi i København. Han har gjort ei rekke roller i opera- og musikaloppsetjingar i Danmark, Frankrike og Noreg. |